Skip to main content

E-bok – Nihilisme? 978-82-93835-06-6

nihilisme_h900
199,00 kr pr stk, fritt tilsendt

+
The add to cart button will appear once you select the values above

Eit ungt menneske på søken etter meining kom ut første gong i 1958. Den seinare kjende forfattaren og filosofen Gunnar Skirbekk, som då berre var 21 år gammal, blei kalla «Norges første eksistensialist», og spådd ei spennande framtid.

Boka er eit filosofisk essay om det medvitne menneske og kampen mot sløvsinnet. Utgangspunktet er eksistensielt:
Kva er poenget med det heile? Kvifor er vi her? Kva kan vi tru på? Kva kan vi vite? Kva er det å vere menneske? Svære spørsmål, eksistensielle spørsmål.
Forfattaren sett kristendommen, sanningsomgrepet og det vondes problem i eit skarpt kritisk lys.
Første søk, religionane.
Andre søk, vitskapane.
Tredje søk, ei refleksiv filosofisk vending. Og det var slik forfattaren av dette ungdomsskriftet enda opp som filosof.

Meir om dette, sjå heimesida: gunnarskirbekk.no/